Føremål for arkivplan i Skodje kommuneDenne arkivplanen skal til ei kvar tid vere retningsgjevande for korleis all dokumentasjon som kommuna treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast. Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (jamfør Arkivforskrifta §2-2). For at planen til ei kvar tid skal vere aktuell, må den oppdaterast og ajourførast når det skjer endringar i organisasjonen eller i rutinar. Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast i sak/arkiv systemet. Rådmannen har det overordna arkivansvaret (jamfør Arkivforskrifta §1-1). Det faglege og daglege ansvaret for arkivtenesta til Skodje kommune har Rådmannen delegert til fagleiar for arkiv, som er organisatorisk plassert i Stab/støtte avdelinga under Sentraladministrasjonen. Som administrasjonssjef og fagleiar for arkiv oppmodar vi alle tilsette til å setje seg godt inn i og følgje rutinane for dokumenthandtering i Skodje kommune, slik vi i fellesskap syter for at dette vert gjort likelydande og i tråd med gjeldande regelverk og retningsliner. Bente Glomset Vikhagen -Rådmann- Rita O. Engeset -Fagleiar for arkiv- |